Typecraft v2.5
Jump to: navigation, search

Corpus:Anansi and Turtle in Norwegian (Nynorsk)

Revision as of 21:52, 28 May 2013 by Sindre Hunnes (Talk | contribs)

Source information
Source written material
Title Anansi and Turtle
Date/Place 25.05.2013, Trondheim
Type fable
Annotator Sindre Hunnes
Contributor Sindre Hunnes
Corpus translator Sindre Hunnes

== Info on the transcription: ==

The original text of this is the English version of the fable "Anansi and Spider", which can be found on http://www.corpuswiki.org/index.php?action=aboutstory.

Transcription format:
- One line of transcription, followed by one line of very rough word-by-word translation into English. This translation includes tense and other grammatical information if this is expressible in English, but other information has been excluded. For a proper annotation and translation, see the annotated dataset.

==Transcription==

Det var ein gong ein edderkopp som heitte Anansi.
it was a time a spider who was-called Anansi.

Han hadde plukka litt søtpoteter og bakt dei.
he hadde picked little sweet-potato and baked them.

Han tykte dei lukta særs godt og gledde seg til å ete dei.
he thought they smelled very good and looked-forward self to to eat them.

Akkurat idet han skulle til å ete, så banka det på døra.
Precisely as he should to to eat, then knocked it on door.

Han opna døra og møtte Turtle.
He opened door and met Turtle.

Turtle hadde reist lenge og var sliten og hadde lukta søtpotetene på avstand.
Turtle had travel-- long and was tired and had smelled sweetpotatoes on distance.

Han lurte på om han ikkje kunne få smake litt.
he wondered on whether he not could get taste little.

Anansi hadde eigentleg ikkje lyst til å dele med han, for han ville ha alle sjølv.
Anansi had really not lust to to share with him, for he wanted have alle self.

Samstundes var det slik at i tradisjonen hans skulle ein ikkje nekte reisande mat om dei kom i middagstid, så han inviterte han inn.
at-same-time was it such that in tradition his should one not refuse travelers food if they came in dinnertime, so he invited him in.

Men han klekka ein lur plan for å unngå å dele med Turtle.
But he hatched a clever plan for to avoid to share with Turtle.

Dei gjekk til middagsbordet og satt seg.
they walked to dinnertable and sat self.

Akkurat idet Turtle skulle til å forsyne seg avbraut Anansi han og sa ”Vent litt! Sjå på hendene dine. Du har vel ikkje tenkt å ete med skitne hender, vel?”.
-More to come-

Turtle såg på hendene sine og innsåg at dei måtte ha blitt skitne frå reisa.


Så han gjekk ned til elva og vaska seg.


Så gjekk han opp igjen og satt seg.


Anansi hadde allereie byrja å ete potetene.


”Eg ville ikkje at så gode poteter skulle bli kalde”, forklarte han.


Turtle satt seg og skulle til å ta seg litt mat, men blei nok ein gong avbroten av Anansi.


”Høyrde du meg ikkje i stad? Sjå på hendene dine. Dei er framleis skitne”.


Turtle såg på hendene sine og såg at dei var skitne.


Dei må ha blitt skitne frå reisa opp frå elva, tenkte han.


Så han gjekk ned til elva igjen og vaska seg nok ein gong.


På veg opp var han forsiktig med å berre tråkke på graset, slik at han ikkje skulle bli skitten igjen.


Men innan han kom opp så hadde Anansi ete opp alle søtpotetene.


Då såg Turtle på Anansi og sa ”takk for at du delte maten din med meg. Kom innom huset mitt ein gong, så kan eg gjengjelde tenesta.”, så gjekk han.


Det tok ikkje lang tid før Anansi ikkje kunne motstå tilbodet lengre.


For han var grådig og sa ikkje nei til eit gratis måltid.


Så han la ut på reise.


Den var lang og hard, og innan han kom fram så var Anansi blitt både sliten og svolten.


Han møtte Turtle ved elvebredda.


Turtle sa ”å. Har du kome for å få middag?” Anansi nikka ivrig på hovudet.


”Det er greitt. Berre fylj etter meg. Bordet er dekka og maten er klar”, sa Turtle og dukka under vatnet og sumde ned til
huset sitt.


Anansi hoppa etter og prøvde å symja ned, men han var for lett og flaut opp igjen kvar gong.


Han prøvde mange måtar.


Han prøvde stup, bomba, mageplast.


Alle mislukkast.


Men til slutt fekk han ein god idé.


Han fann ein tung stein og la den i jakkelomma si.


Når han då hoppa uti så sank han rett til botnen.


Han sleit seg fram til bordet og satt seg ned.


Men akkurat idet han skulle til å forsyne seg sa Turtle ”her i huset så et vi utan jakka på”.


Anansi såg at Turtle hadde teke av seg si jakke, så han gjorde det same.


Straks han gjorde det, så fauk han sjølvsagt opp til overflata igjen og ramla ned på stranda.


Han stakk hovudet under vatnet igjen og såg Turtle sitte og ete maten sin sakte og roleg.


Om du prøvar å lure nokon, kan det fort vise seg at det er du som blir lurt.